Ciderhuset i Balestrand

Ciderhuset ligg i Balestrand i Sogn, ein liten spasertur frå kaien og Kviknes Hotel. Her lagar vi eplecider, dessertvinar og fruktdram av frukt frå hagen – og med ein stor porsjon lidenskap! Vi tek imot grupper heile året til ein lunsj eller middag. Programmet kan innehalda formidling om cider og frukt, kulturvandring eller faglege opplegg og teambygging – eller anna moro!

Om sommaren kan du besøke restauranten i glashuset som har vid utsikt over Sognefjorden. Her er mat av lokale og dels økologiske råvarer og med Middelhavskjøkenet som inspirasjon. Ciderhuset passar godt til bryllaup og feiring av andre store dagar.

Kven vi er:

Ciderhuset blir drive av familien Eitungjerde Høyvik; Eli-Grete og Åge, og neste generasjon Tuba og Gard. Solveig, Ragnhild og Heidrun hjelper til når dei er heime. Familie og gode vener hjelper til når det trengst – og det gjer det rett som det er!

Det er 3 eplegrupper

Bordeple (Dessert apples)
Eksempel: ‘Aroma’ – ‘Gravenstein’ – ‘Boskoop’ – ‘Fillip’ – ‘Torstein’ – ‘James Grieve’
Desse eplene har god balanse mellom sukker og syre. Dei er ofte aromatiske.

Husholdningseple (Cooking apples)
Eksempel: ’Bramley’ – ‘Alexander’ – ‘Husmor’ – ‘Charlamovski’
Desse eplene har høg syre og ein blir litt ru på tunga når ein et dei.

Cidereple (Cider apples)
Eksempel: ‘Cidor’ – ‘Belle fille de la Manche’ – ‘Yarlington Mill’ – ‘Somerset Redstreak’ etc
Desse er søte, medium eller sure. Alle er tanninhaldige med bitter smak.

Ciderhuset i balestrand spretter korken

Kva er cider:

Cider er fruktvin fra gjæra most fra eple og eller pære. Navnet sider kjem fra det hebraiske ordet sjekar, som betyr sterk drikk. Det er eit breitt spekter av cider, både musserande og still, varierande alkoholinnhald, og nokre er filtrerte – andre er uklåre.

Ung og moden cider:
Produksjonsprosessen startar med pressing av eple til most. Mosten blir deretter gjæra, enten ved spontangjæring eller ved å tilsetja kulturgjær. Ung cider blir gjæra i eit par veker under kjøleg temperatur. Denne prosessen tek best vare på primæraromaen (fruktaroma) og gir ein cider med frisk lett karakter. Ved lengre tids gjæring oppstår sekundæraromaer (vinaroma) som gir ein meir kompleks smak med aromaer frå tørka frukt og ofte lett oksidasjonspreg.

Musserande cider:

Det er tre måtar å få kolsyre i cider på:

1.Ettergjæring på flaske (cidre fermiere)
Her tilset vi litt ekstra sukker før tapping, eller cideren blir tappa med naturleg restsukker. Då vil gjæren produsera naturleg kolsyre, og cideren blir musserande. Ulempen er at det også blir eit lett gjærsediment.

2.Tradisjonell metode (cidre bouchee)
Denne metoden blir også kalla Champange-metoden. Men dersom den blir nytta utanfor champange-området må ein bruka omgrepet Tradisjonell metode. Her lar ein cideren gjæra heilt ut, slik at det ikkje er att restsukker. Deretter tilset ein ny gjær og litt sukker og tappar cideren på flaske med ein midlertidig crown kork. Flaskene skal så liggja i minst 9 månader for å utvikla kolsyre og integrera sedimentaromaer. Flaskene blir deretter rista opp og flytt opp i stativ (remoulage), der dei blir snudde i 14 dagar. Alt sedimentet (døde gjærseller) blir til slutt er samla i korken.
Deretter må gjærsedimentet fjernast. Då nyttar ein trykket i flaska til å skyte ut sedimentet for hand. Denne metoden blir kalla degorgering, slik me gjer med produktet vårt Aldin (Vist på foto)

3.Karbonisering med CO2
Dette er den lettaste metoden. Då tilset sin CO2 ved å ”dytte det inn” i cideren ved hjelp av ei karboniseringsmaskin.
Cider har tradisjonar fra heile verda. Ulike land brukar ulike typar eple for å få ulikt preg på cideren. Det er tradisjonar frå Frankrike, Spania, Storbritannia, Tyskland, Australia og USA/ Kanada.
Tradisjon med vanlige bordeple: England, Irland, Aust-Europa, Skandinavia, USA og Tasmania.

Tradisjon med hushaldningseple: Tyskland, Austerrike og Sveits.

Tradisjon med Cidereple: Normandie, Britagne, Baskerland, Kanaløyene og Søraust-England.

Ciderhuset importerte kvist av ciderepletre frå Normandie og Somerset for 15 år sidan, som dei første i Noreg. Vi har kvart år poda opp nye tre og nyttar eple frå desse trea i ciderane våre. Dette gir ein kompleks bittersmak, litt slik som med tannin i raudvin og humle i øl.

Ciderhuset spretter korken igjen

Våre produkt:

Cider:

Balholm cider økologisk
50 cl – 6% vol. Cider i klassisk engelsk stil laga av cidereple og desserteple. Miks av modna bittercider frå tank og ung cider frå kjølt gjæring. Tydelege innslag frå tørre, snerpande cidereple, men likevel frisk, vinøs og eplefruktig.

Balholm cider med humle
50 cl – 6% vol. Ein aromatisk og tørr cider laga av desserteple og humle – ‘Hopped Cider’. Ung cider frå kjølt gjæring som er tørrhumla. Frisk epleluktmed innslag av humle i retning hylleblomst. Fruktig og delikat smak av eple med lett sitruspreg. Ein direkte festleg kombinasjon av eple og humle!

Balholm cider med malt
50 cl – 6% vol. Ein mild og behageleg cider laga av desserteple med malt og lett humle. Ung cider frå kjølt gjæring miksa med maltbrygg. ‘Malted Cider’ er den smaksmessige naboen til ‘Apple Ale’. Lukt av friske eple med undertonar av mørkmalt. Fruktig og mjuk smak med streif av humle i ettersmaken.

Dessertvin:

Prunus Domestica 12,5 %
Prunus Domestica er det latinske namnet for plomme. Det er ein søt
dessertvin framstilt av storfrukta og saftige plommesortar som er
dyrka økologisk i hagen ved Ciderhuset. Fruktvinen er mogna i minst
2 år og har ein distinkt og sødmefull plommesmak med forsiktig mandel
og ein lett sherry-karakter. Kan nytast som aperitif, til pâte, ost,
kaker og dessert.

 

Presentasjon av:
Gard Eitungjerde Høyvik
Ciderhuset

Les også vår artikkel om Vinmonopolet sine åpningstider.

Leave A Comment?